No er planane klare for når elevane skal ha undervisning på skulen og heime, i dei to komande vekene med skuledrift på raudt nivå.
Sjå vedlagt oversikt over veke 1 (DOCX, 42 kB) og veke 2 (DOCX, 43 kB) 2021, eller på Teams (teamet "Elever VGAAL"). Les dette nøye for å få informasjon om når det er undervisning på skulen og når det er digital heimeundervisning for den einskilde klasse.
I tillegg minner me på fylgjande når det gjeld smittevern:
- Hald ALLTID avstand til andre!
- Ha ALLTID med munnbind; det er PÅBOD på bussen og på skulen når du ikkje kan halde minst 1 meter avstand.
- Vask hendene nøye når du kjem til skulen.
- Hald deg på di eigen sone/klasserom og bruk toalett og inngang som læraren informerer om.
- Det er ikkje lov å besøke andre elevar sine soner.
- Kantina er stengd i 2 veker.
- Vær heime dersom du har symptom på sjukdom.
Terskelen for å ta kontakt er låg ved Ål vgs - spør dersom det er noko som er uklart!
Me gler oss til å sjå dykk att!