FRAMLEIS SKULEDRIFT PÅ RAUDT NIVÅ

Regjeringa kom i går ettermiddag med ei presisering for det nasjonale tiltaket med raudt nivå for alle vidaregåande skuler. Tiltaket varer i fyrste omgang fram til og med tysdag 19. januar. Måndag 18. januar blir det tatt ny beslutning om det blir vidareført ytterlegare eller ikkje.

Sjå informasjon på Teams når det gjeld opplegg for kvar einskild klasse måndag 18.01. og tysdag 19.01.21, og oppsett for klassane her (DOCX, 34 kB).

Hugs smitteverntiltak;

- hald deg til din sone

- bruk munnbind der det er trangt (under 1 meter) 

- vask hender

- ver heime dersom du er sjuk

Vi informerer måndag 18.01. så snart vi har oppdatert informasjon om skuledrift frå onsdag 20.01.21.

No er planane klare for når elevane skal ha undervisning på skulen og heime, i dei to komande vekene med skuledrift  på raudt nivå.

Sjå vedlagt oversikt over veke 1 (DOCX, 42 kB) og veke 2 (DOCX, 43 kB) 2021, eller på Teams (teamet "Elever VGAAL").  Les dette nøye for å få informasjon om når det er undervisning på skulen og når det er digital heimeundervisning for den einskilde klasse.

I tillegg minner me på fylgjande når det gjeld smittevern:

  • Hald ALLTID avstand til andre!
  • Ha ALLTID med munnbind; det er PÅBOD på bussen og på skulen når du ikkje kan halde minst 1 meter avstand.
  • Vask hendene nøye når du kjem til skulen.
  • Hald deg på di eigen sone/klasserom og bruk toalett og inngang som læraren informerer om.
  • Det er ikkje lov å besøke andre elevar sine soner.
  • Kantina er stengd i 2 veker.
  • Vær heime dersom du har symptom på sjukdom.

Terskelen for å ta kontakt er låg ved Ål vgs - spør dersom det er noko som er uklart!

Me gler oss til å sjå dykk att!

På grunn av dei nye nasjonale innstrammingane i 2 veker, blir det ein kombinasjon av undervisning på skulen og digitalt heime i denne perioda. Det kjem konkrete planar for alle klassane i morgo, måndag 4. januar, om når de skal vere på skulen og ikkje. Fylg med på Fb og heimesida til skulen. TA VARE, hugs avstand og bruk munnbind når du ikkje kan halde 1 meter til andre!

Illustrasjon med grønn tavle og koronasymbol

Det blir oppstart på vanleg måte etter ferien (vanleg timeplan) for alle elevar tysdag 5. januar, men med viktige smitteverntiltak, m.a. PÅBOD OM BRUK AV MUNNBIND (til 17.01.21).  Kommuneoverlegane i Gol og Ål har bestemt at både elevar og lærarar ved Ål og Gol vgs skal forhalde seg til påbodet om munnbind; alle over 12 år skal bruke munnbind der det ikkje er mogleg å halde 1 meter avstand. Det er betydeleg auka risiko for utbrot no etter julehelga. Med ekstra tiltak dei 2 neste vekene håpar vi at dette skal gå bra!  OG HUGS PÅ DETTE FORTSATT:

  

Vi ynskjer dykk ei god jul og eit godt nytt år!

 Første skoledag etter nyttår er tirsdag 05.01.21.

Pga uoversiktleg smittesituasjon i Hallingdal blir både Ål og Gol vgs stengt for elevar dei 2 siste skuledagane før jul. Det blir difor digital heimeundervisning desse 2 dagane.

Det er fleire spørsmål vedr. undervisning på skulen eller digital heimeskule fram til jul. 

Du finn meir informasjon frå Viken fylkeskommune om dette her

Alle koronasvara er negative! Det betyr at alle som ikkje har vore til testing kan leve normalt "koronaliv" igjen. Nærkontaktane som har vore til testing må rekne karantene i 10 døgn frå siste kontakt med den smitta.  For klassane TPA og TPB gjeld karantene til og med måndag 14.12., og desse elevane får digital heimeundervisning også denne dagen.

 

Ein av skulen sine tilsette har testa positivt for korona. Kommuneoverlegen i Ål har derfor bestemt at HEILE SKULEN skal i KARANTENE onsdag 09.12. og torsdag 10.12. Fordi ikkje alle prøvesvar ligg føre endå, blir det digital heimeundervisning også fredag 11.12.20

Ledig stilling som spesialkonsulent og elevassistent ved Ål vidaregåande skole.

I tillegg treng vi eksamensvakter.

 

Sjølv om Visma inSchool ikkje fungerer som planlagt endå, der foresette er meint å sjå både vurderingar og fråvær etter kvart, ikkje berre timeplanen, oppfordrar skulen likevel sterkt at foresette loggar seg på løysinga og registrere seg med adresse, mobilnummer og e-postadresse. Du loggar inn i VIS som føresett med ID-porten.  Utan denne registreringa er det vanskeleg for skulen å kome i kontakt med foresette når me har behov for det.  Grunnen til at vurderingar og fråvær ikkje er ein del av løysinga endå, er personverndirektivet (GDPR). Det blir arbeidd frå sentralt hald i Viken fylkeskommune for å få dette på plass.     Takk for at du registrerer deg!

  

Til toppen