GRATIS SKULEMAT

Det er med stor entusiasme og glede at Ål vgs kan melde at me er 1 av 13 skuler i Viken fylkeskommune som skal få prøve ut ei ordning med gratis skulemåltid til alle elevane. Ordninga er ein pilot (prøveprosjekt) og skal i fyrste omgang gå fram til 31.12.2021. Me skal bruke januar til å planlegge og så håper me å kome i gang med serveringa i februar – dersom pandemien spelar på lag med oss. I planlegginga vil både elevar, lærarar og leiarar vere med. Dette blir både spennande og bra!

Til toppen